Firdaposten har anmeldt Ostepop!


























Nesten tre år etter den overraskande og glimrande debuten "Det Er Ikke Bra Før Det Er Dårlig", har Gebhart og Hagfors denne gongen noko å bevise. At dei klarar å levere ein god oppfølgjar. Og det gjør dei jo sjølvsagt.

 

Det er den same vindskeive, naivistiske americana som førre gongen. Som sist mest utført av brørne Gebhart og Hagfors. Men med uvurderleg hjelp frå fleire, mest frå Nikolai Hængsle Eilertsen (bass) og Martin Horntveth (trommer og perkusjon).

Når det gjeld tekstane er dei like morosame, barnslege og absurde som førre gongen. Det er framleis ei plate for born, men ikkje meir enn at eg som godt vaksen tykkjer det er ei flott plate å lytte til. Med andre ord, musikk for godt vaksne.

Låttitlar som "Tissedansen", "Rotteplaneten" og "Navleprat" seier jo alt om kva sjanger vi er i. Kva dei vil med "Kjæresten Til Besterfar" veit eg ikkje, men det er kanskje eit forhold utanom normalen. Ta ein lytt og du skjønar kva eg meiner. Den er også ein av mange fengande låter her, og det er eigentleg alt eg forlanger av ei plate. At den fenger. Og mantraet er framleis at dette er dårleg, men det er jo det ikkje. Det er berre verre.

​Les anmeldelsen her